Gjer-det-sjølv-rettleiing for installering
Me tilrår at du får hjelp frå andre med å installera Linux. Men viss du meiner du er teknisk kyndig nok til å klara det sjølv, har du her ei generell rettleiing med dei tre hovudstega du må følgja.
Når du først har valt ein Linux-distribusjon, finn du ein meir detaljert framgangsmåte på nettsida til denne.
Før du set i gong, er det svært viktig at du tek ein reservekopi av alle viktige data du har på maskina!
- Last ned eit nytt operativsystem
Last ned operativsystemet du vil installera. Søk etter Linux-distribusjonar for nybyrjarar for nokre framlegg til kva system du skal velja. - Overfør til USB-minnepinne
Overfør operativsystemet til ein USB-minnepinne med eit eigna verktøy, som Rufus. Dette vil overskriva alt som finst på minnepinnen frå før, så ta kopi av eventuelle filer du vil ta vare på først. - Start maskina på nytt og installer
Snart maskina frå USB-minnepinnen. Du må veta kva tastar du skal trykkja på for å starta denne prosessen. Du vil så overskriva alle dataa på maskina di, så det er viktig at du på førehand har tatt reservekopi av alle filene du vil ta vare på. Følg instruksjonane, og vips – velkommen til den nye gamle datamaskina di!