Hjelp til
Når kan eg annonsera reparasjonskaféen eller den uavhengige databutikken vår på endof10.org?
Viss du tilbyr hjelp med Linux, kan du leggja til staden med ein gong!
I README-fila i Git-depotet vårt finn du oversikt over kva stadsdetaljar og arrangementsdetaljar me treng . Send informasjonen på e-post til endof10 [krøllalfa] lists.posteo.de. Viss du kan, er det fint om du sender informasjonen i JSON-format.
Viss du er teknisk kyndig nok, kan du òg laga ein fletteførespurnad direkte på Git-depotet til «Slutten for 10»-nettstaden.
Korleis kan eg bidra til kampanjen?
Du kan bidra på mange måtar! Ta kontakt med oss, slik at me kan koordinera arbeidet.
- Be reparasjonskaféar og uavhengige databutikkar som tilbyr Linux-støtte, ta kontakt med oss
- Organiser eit installeringsarrangement og meld det inn til oss
- Lag hjelpemateriell for nye brukarar, for eksempel innføringar og brosjyrar
- Legg ut hjelpemateriellet på kaféar, i butikkar eller på universitet/skular i nærmiljøet
- Hjelp kampanjen med å verta synleg på nettet ved å dela innlegga våre i sosiale medium
- Omset nettstaden (meir informasjon nedanfor), kampanjemateriell osv.
- Meld deg som frivillig i eit av friprog-fellesskapa som deltar i kampanjen (du kan for eksempel forbetra dokumentasjonen, retta feil i programvara eller hjelpa til med grafisk design)
- <eigne idéar>
Korleis tek eg kontakt med «Slutten for 10»-kampanjen?
Skriv til oss på ein av desse offentlege kanalane. Sei litt om deg sjølv og om kva du ønskjer å bidra med.
- Matrix: https://matrix.to/#/#endof10:kde.org
- E-postliste: https://lists.posteo.de/listinfo/endof10
Er kampanjen på sosiale medium?
Me er på Allheimen! Følg Mastodon-kontoen vår, og framhev innlegga me skriv: https://floss.social/@endof10
Korleis kan eg omsetja endof10.org-nettstaden til morsmålet mitt?
Det er KDE som husar nettstaden, og omsetjinga vert gjort på same måte som for dei andre KDE-nettstadane.
Finn omsetjingslaget for språket ditt: https://l10n.kde.org/.
Lær om prosessen: https://community.kde.org/Get_Involved/translation
Har de ferdige flygeblad eller plakatar om «Slutten for 10»-kampanjen?
Du finn flygeblad på ulike språk her:
https://invent.kde.org/teams/eco/opt-green/-/tree/master/materials/leaflets
Me held på å utforma plakatar. Kikk snart innom igjen.
Korfor reklamerer de ikkje for <SET INN FAVORITTDISTROEN DIN HER> på nettstaden?
Me har med vilje gjort nettstaden og formidlingsaktivitetane våre heilt distro-uavhengige. Me ønskjer framstå som éin stor friprog-familie, der kampanjen og dei ulike aktivitetane representerer alle dei ulike fellesskapa våre.
At ein er distro-uavhengig, vil det seia at friprog-fellesskapa ikkje kan reklamera for seg sjølve?
Dei einskilde friprog-fellsskapa kan gjerna reklamera for seg sjølve og arbeidet dei gjer, så lenge dei følgjer desse reglane: 1) Det framgår tydeleg at dei berre uttalar seg på vegner av eige fellesskap, ikkje heile kampanjen, og 2) Dei kan ikkje snakka negativt om arbeidet som dei andre fellesskapa gjer.
For eksempel er ein av aktivitetane me planleggjer, ein «10 ting-liste»-kampanje som skal bruka emneknaggen #EndOf10
. Her gjeld:
- Den offisielle «Slutten for 10»-kontoen på sosiale medium skal vera så nøytral som mogleg (eks. «10 grunnar til å byta til Linux») og ikkje framheva nokon særskild distro.
- De kan leggja ut innlegg på sosiale medium med tittelen «10 grunnar til å byta til <DYKKAR PROSJEKT>» og bruka emneknaggen
#EndOf10
. I lista over grunnar kan de godt framheva dykkar eige arbeid. Men det er ikkje greitt å snakka negativt om arbeidet til andre friprog-prosjekt.