Slutten for 10

Hjelp til

Når kan eg annonsera reparasjons­kaféen eller den uavhengige databutikken vår på endof10.org?

Viss du tilbyr hjelp med Linux, kan du leggja til staden med ein gong!

I README-fila i Git-depotet vårt finn du oversikt over kva stads­detaljar og arrangements­detaljar me treng . Send informasjonen på e-post til endof10 [krøllalfa] lists.posteo.de. Viss du kan, er det fint om du sender informasjonen i JSON-format.

Viss du er teknisk kyndig nok, kan du òg laga ein flette­førespurnad direkte på Git-depotet til «Slutten for 10»-nettstaden.

Les våre ofte spurte spørsmål for informasjon om korfor berre berre har oversikt over organisasjonar, ikkje enkeltpersonar.

Korleis kan eg bidra til kampanjen?

Du kan bidra på mange måtar! Ta kontakt med oss, slik at me kan koordinera arbeidet.

Korleis tek eg kontakt med «Slutten for 10»-kampanjen?

Skriv til oss på ein av desse offentlege kanalane. Sei litt om deg sjølv og om kva du ønskjer å bidra med.

Me er òg på Allheimen! Emneknaggane våre er #EndOf10 og #EO10Challenges.

Korleis kan eg omsetja endof10.org-nettstaden til morsmålet mitt?

Det er KDE som husar nettstaden, og omsetjinga vert gjort på same måte som for dei andre KDE-nettstadane.

Finn omsetjingslaget for språket ditt: https://l10n.kde.org/.

Lær om prosessen: https://community.kde.org/Get_Involved/translation