Har du kjøpt maskina etter år 2010, treng du truleg ikkje kvitta deg med ho. Berre installer ei ny utgåve av operativsystemet Linux, så kan du bruka ho i mange år til.
Det høyrest kanskje vanskeleg ut å installera eit operativsystem, men du treng ikkje gjera det åleine. Det finst gjerne folk i nærmiljøet som kan hjelpa deg!
Ønskjer du å hjelpa andre med å halda datamaskina i live etter Windows 10?
5 grunnar til å oppgradera den gamle maskina til Linux
- Inga ny maskinvare, ingen lisenskostnadar
Ei ny datamaskin kostar mykje, men mange Linux-baserte operativsystem er tilgjengelege gratis. Programoppdateringane er òg gratis, for all framtid. Men du kan sjølvsagt òg visa di støtte ved å gje ei frivillig pengegåve! - Betre personvern
Windows har mykje reklame og spionprogram. Dette gjer datamaskina di tregare, lèt firma spionera på deg og gjev deg høgare straumrekning. - Bra for planeten
Sjølve produksjonen av ei ny datamaskin utgjer minst 75 % av klimautsleppa i livsløpet til maskina. Å ta vare på maskina er ein svært effektiv måte å redusera utsleppa på, og med eit Linux-basert operativsystem kan du bruka ho lenger. - Fellesskap og profesjonell brukarstøtte
Det finst lokale reparasjonskaféar og uavhengige verksemder og databutikkar som kan hjelpa deg. Du kan òg søkja hjelp på ulike nettforum. - Betre kontroll for brukaren
Linux gjev deg dei fire fridommane: Du kan bruka, studera, dela og forbetra programma – så lenge du vil. Det er du som sit i førarsetet.
Støttespelarar
Desse organisasjonane er offisielle støttespelarar til kampanjen.
Overtydd?
Finn ein reparasjonskafé eller uavhengig databutikk nær deg, og ta i bruk di heilt nye gamle datamaskin!